Ditt prosjekt

Home / Ditt prosjekt

Gravemaskin ved rorbuer

God kontakt om bustadprosjektet

BVA ynskjer at du skal lukkast med ditt prosjekt. For at me kan gjera vår del av jobben, er det bra at du gir oss informasjon om prosjektet så tidleg at me kan svara og rettleia deg i tide. For alle byggeprosjekt treng me få inn ein del fakta.

Dersom du skal søkje kommunen om byggjeløyve, treng du å leggje ved ei førehandsmelding frå BVA. For å få tilsendt førehandsmelding frå oss fyller du ut dette skjemaet. Når igongsettingsløyvet er godtkjendt vil me i BVA få tilsendt ein kopi av løyvet, og me sender ut tilknytingsgebyr. Dette er eit eingongsgebyr som må betalast før du startar med grunnarbeidet. Dersom du ikkje skal starte prosjektet enda, er det mogleg å søkje om ei utsetting ved å sende ein søknad på e-post. Det årlege gebyret skal ikkje betalast før bygningen fysisk er tilkopla.

Dersom du skal utføra gravearbeid, er det viktig at du ikkje kjem i konflikt med leidningsnettet. Er du entreprenør eller skal utføra gravearbeid på eigen eigedom, treng du difor gravemelding frå BVA. Då sender du oss informasjonen på dette skjemaet.

VA-norma for Bømlo finn du her.

Tinging av vassmålar

Registrering av vassmålar