Vinnarbildet kåra

Vinnarbildet kåra

I sommar har me hatt fotokonkurranse og det kom inn om lag 80 bilde frå både inn- og utland.  Vinnarbildet var det Gunhild Meling som knipsa. Serina (1 1/2 år) står utanfor ei tømmerhytte som truleg er frå 1600-tallet, på Mjonøy i Vinje kommune. Flaska vart fylt opp av friskt Bømlavatn før dei la på veg over fjellet. - Eg såg i FRISKT at eg kunne få Bømlavatnflaske, så eg stakk innom hos BVA i sommar, seier Gunhild. - Dette er første gongen eg deltek i ein fotokonkurranse, så det var ekstra kjekt å vinna! Me gratulerer Gunhild med vinnarbildet, og…
Les meir
– Utan vatn blir me slitne

– Utan vatn blir me slitne

Bømlo MJ9: Bak f.v. Regine, Anna, Sandra, Alessia-Maria og Senay. I midten Lina Anneli og Josefine. Framme Randi. – Me blir trøytte og slitne om me ikkje drikk vatn når me spelar kamp. Reint vatn er det viktigaste i livet, og det er sunt og godt, fortel jentene. Må drikka nok vatnDå me møtte dei var det fotballkamp mellom Bømlo og Moster på Langvåg. På banen spring åtte glade og energiske jenter.Dei er midt i oppvarminga, og på kampdag er det ein ting dei ikkje gløymer:– Me må drikka masse vatn! Drikk me ikkje vatn når me spelar kamp, blir det ein…
Les meir
Vatn – ei mangelvare?

Vatn – ei mangelvare?

Det er nok ferskvatn på jorda til alle, men likevel manglar over to milliardar menneske tilgang på reint vatn heime. Då me fekk kokevarsel på Bømlo for nokre år sidan blei kvardagen vår med eitt litt meir tungvint. Eit kaldt og leskande glas vatn blei brått ikkje så tilgjengeleg - det måtte jo både kokast og kjølast ned igjen. Heldigvis var det «falsk alarm» og kokepåbodet blei oppheva etter nokre dagar. Dagleg kampFor mange lokalsamfunn i verda er ikkje tilgangen på reint vatn eit praktisk problem som går over, men ein dagleg kamp for liv, helse og vekst. Fleire døyr…
Les meir
Då Magda vaks opp var vatn var tungt arbeid

Då Magda vaks opp var vatn var tungt arbeid

Magda Økland har fylt 99-år, men hugsar godt korleis det var med vatn og avløp i gamle dagar. Vatn. Det er lett tilgjengeleg overalt. Me opnar kranen og det friske Bømlavatnet berre renn ut. Slik var det ikkje før. Då Magda vaks opp var vatn tungt arbeid. – Me hadde to vasskjelder heime på garden på Hiskjo, fortel Magda. Ei «matkjelde» og ei «fjos­kjelde», men det var sjeldan me brukte fjoskjelda. Me hadde takrennevatn og ein stor tank som dyra våre fekk vatn frå. Var det tørt lenge, så måtte me bera vatn til dei frå fjoskjelda. Måtte i båt for…
Les meir
Vasstryggleik på Bømlo

Vasstryggleik på Bømlo

Me i Bømlo Vatn og Avløp har siste veka fått fleire spørsmål om korleis vasstryggleiken er ivaretatt. Her er ei lita oversikt over det me gjer for å sikra trygt vatn på Bømlo. Vassprøvar: Her blir vatn frå Bømlo analysert. Foto: Vegard Røsland Rutinemessige prøvar Me tek rutinemessige prøvar av leidningsnettet og analyserer om lag 1.200 vassprøvar i året. Det vert levert om lag 10 vassprøvar kvar veke til eit uavhengig laboratorium, medan BVA analyserer om lag 10 vassprøvar sjølv. Prøvane vert tekne etter ein godkjent plan, både i vassbehandlingsanlegga og ute på distribusjonsnetta. Produksjon og levering På Bømlo har…
Les meir
Bømlavatnflaska med på tur

Bømlavatnflaska med på tur

Bømlavatnflaskene minner oss om å drikka vatn, og at me har eit av Norges, og verdas beste drikkevatn i kommunen vår. Ta med flaska di på tur, send bilde til oss, og bli med i trekking av premie! Desse flaskene har vore i Furuneset på Rubbestadneset, i Krakow og på Malaga. Kvar tek du med deg di flaske i sommar? Fekk bilde i fjor sommarI fjor sommar fekk me inn nokre bilde frå engasjerte bømlingar som hadde med seg bømlaflaska på tur. Dette var så kjekt, at me gjerne vil sjå kvar du tek med deg bømlavatnet i sommar. Kanskje…
Les meir
Effektiv innovasjon

Effektiv innovasjon

Dette har du kanskje aldri tenkt på før: Treng vassleidningar å gjerast reine inni? Og korleis i alle dagar blir det gjort i så fall? F.v. Trond Sandnes, Jan Roar Grutle og Thor Audun Larsen med «pigge­vogna» som blir brukt for å gjera vassleidningane på Bømlo reine. Foto: Vegard Røsland – Ja, me vil at vatnet skal ha høgast mogleg kvalitet, både med tanke på smak, lukt og utsjånad, seier Trond Sandnes. - Då må me halda vassleidningane i topp stand! Trond er driftsoperatør i Bømlo Vatn og Avløpsselskap og har saman med Thor Audun Larsen og Jan Roar Grutle utvikla…
Les meir
Bømlavatnet er blant Norges beste!

Bømlavatnet er blant Norges beste!

No er det offisielt! Bømlingane har alltid hevda det, og no har ein uavhengig jury kåra Bømlavatnet til eit av Norges beste drikkevatn! Det skjedde i landsfinalen som gjekk av stabelen på kommunalteknikkmessa på Lillestrøm tysdag 5. mars. Vatnet frå Bømlo har konkurrert mot vatn frå heile landet. Det haldt ikkje til siger, men Bømlavatnet er eit av dei ti beste i landet. Finnåsvatnet, ei av drikkevaskjeldene på Bømlo. – Dette er ein veldig flott prestasjon, og me er glade for å ha fått ei så høg plassering, seier ein entusiastisk Audun Halleraker. Han er dagleg leiar i Bømlo Vatn…
Les meir
Drikka vatn i naturen?

Drikka vatn i naturen?

Me tek oss ein tur opp på Siggjo, og møter mange folk på vegen. Dei får spørsmål om dei drikk vatn rett frå naturen. (meir…)
Les meir
Endringar i fargen på vatnet

Endringar i fargen på vatnet

Syns du vatnet i naturen såg ­reinare ut før? Du har heilt rett, det er faktisk ein av dei tinga som var «betre før». (meir…)
Les meir