Lag på lag med røyr

Lag på lag med røyr

Arbeidet på Arhaugen i Rubbestadneset våren 2018 var utfordrande med mykje krinkelkrokar. Vatnet skal heim til deg, og du skal kvitta deg med det. Du tenkjer nok ikkje på det til dagleg, men måten røyra ligg i grøfta påvirkar tryggleiken din. Når me legg røyr, så vert desse lagt i tre ulike nivå, med drikkevatnet i det øvste laget, avløpet i midten og overvatn (regnvatn som vert leia bort) nedst. Dette har vore standard hos oss på Bømlo sidan 2015 og er eit av mange tiltak for reint og trygt vatn. Viktig å halda vatnet reint– Når me gjer det…
Les meir
Storreingjering med vaskemaskin på over 2000 liter

Storreingjering med vaskemaskin på over 2000 liter

Wärtsilä Norway er ei av mange industribedrifter på Bømlo som er avhengig av god tilførsel av vatn. – Me er heilt avhengige av sikker tilførsel av reint vatn heile døgeret, seier Sigbjørn Næsse, eigedomssjef i Wärtsilä Norway. Han fortel engajsert om alt det Wärtsilä gjer, både i Norge og internasjonalt. I Rubbe­stadneset er det både ingeniør­arbeid knytt til gir og propellar, sals­avdeling, verkstad og diverse støtte­tenester. Store vaskemaskinarDet største forbruket av vatn hos Wärtsilä er det verkstadane som står for. Dei lagar blant anna delar til Wärtsilä og Wichmannmotorar, har thruster- og turbo verkstad, og verkstad for komponentoverhaling. I produksjonen treng…
Les meir
Heimelaga skeiseis

Heimelaga skeiseis

Når kuldegradene kjem inn over Kanalen rår dugnadsånda i bygda. Ungane kan knapt venta…no blir det skeiseis! Henning, Knut, Jakob, Sunniva og Mathilde kosar seg på isen. I meir enn ti år har finnåsingane laga skeisebane på Kanalen. Frode Grønnevik er ein av dei som har vore med lengst og kan fortelja at det var Helge Larsen som hadde ideen. Han fekk med seg nokre ildsjeler, og no er dei ein stor dugnadsgjeng. God dugnadsånd– Me er avhengige av god dugnadsånd for å få det til. Me skrur saman ei ramme, og fyller på med vatn. For at ungane skal…
Les meir
God jul(eførebuing)

God jul(eførebuing)

Jula er ei magisk høgtid for store og små! Plutseleg er det tid for jule­førebuinga igjen! Påminninga er nærast blitt ein tradisjon… Du går inn på lokalbutikken og alt er jul! Handlelappen er forlengst plassert ned i jakkelomma, og instinktet har tatt overhand. Julebrunost, julegodteri, julegraut, julesylte, pinnekjøt og adventskalender. Akkurat det du skulle ha i dag…? Eigentleg kjennest det lenge til jul, men tanken forsvinn fort når du køyrer heim frå butikken og Maria Carey rungar frå radioen med «All I want for Christmas is you» Vel heime, sofaen er innteken, og etter ei lita pause frå julesjokket set…
Les meir
Millionsatsing på Moster

Millionsatsing på Moster

Arbeidet på Naustbakken er godt i gong. BVA har sett i gong eit stort arbeid i Mostraområdet for å betra leveringstryggleiken for vatn i området. – Før sommaren til neste år skal me kunna levera vatn frå to sider, seier prosjektleiar Odd Petter Habbestad i BVA. BVA har sett i gong eit stort arbeid i Mostraområdet for å betra leveringstryggleiken for vatn i området. – Før sommaren til neste år skal me kunna levera vatn frå to sider, seier prosjektleiar Odd Petter Habbestad i BVA. – I dag har me ei einsidig vassforsyning, og skjer det noko på leidnings­nettet frå…
Les meir
I dag er det «Verdas toalettdag»

I dag er det «Verdas toalettdag»

Kastar du q-tips eller plast­emballasje i do? Då hamnar det enten i havet eller i grøfta. Alt for mykje avfall vert kasta i toaletta, og konsekvensen vert tette leidningar og overfløyming hos deg eller andre stadar i avløpssystemet, auka rotteplager og forureining av naturen. Mykje av avfallet som blir kasta i do hamnar i naturen eller i havet. Du kastar ikkje våtserviettane på sjøen - men hiv du dei i do? Resultatet er det same!Sett ei avfallsbøtte på badet og bruk den. Det er berre tiss, avføring og dopapir som skal i toalettet. God tilgong i NorgeI dag har alle…
Les meir
Vasspest i vatn på Bømlo

Vasspest i vatn på Bømlo

Fire svanar på leit etter mat i Erlandsvatnet, og kring dei veks vasspesten og alger. Foto: Leiv Ersland Vasspest og smal vasspest er planter som er oppdaga i to vatn på Bømlo: Erslandsvatnet og Bergesvatnet. Me må unngå vidare spreiing! Kva er og gjer vasspest? Vasspest er ei amerikansk plante som ikkje høyrer heime i Noreg. Den er svartelista og har høg risiko for økologiske skadeverknader. Du kjenner igjen vasspesten på at den har bladkransar og stengel forma som pipereinsarar. Vasspesten har bladkransar og stengel forma som pipereinsarar. Foto: Christian Fisher CC-lisens. Planta veks under vatn og står oppreist. Ho…
Les meir
Vatnet som Olav den Heilage drakk på Bømlo

Vatnet som Olav den Heilage drakk på Bømlo

Olavskjelda på MosterSegna vil ha det til at Heilag Olav fekk grave seg ei kjelde på Moster og denne ligg bak Moster Amfi. Dersom du går frå Moster Amfi og mot Dalanesvegen ser du ein plakat som fortel litt om denne kjelda. Pilegrimane drakk frå olavskjeldeneMe var nysgjerrige på dette og tok difor kontakt med ei som kjenner godt til Moster si historie, mangeårig guide i Moster Amfi, Turid Anglevik. – Det vert fortalt at då Olav den Heilage var her, drakk han frå denne kjelda, og dermed har den blitt kalla Olavskjelda. Det er mange slike kjelder i Norge,…
Les meir
I kø for fersk fisk

I kø for fersk fisk

Astrid Rusten (t.v) og Eva Helen Mikkelsen Undheim har funne fram favorittane til bømlingane. Skodda låg tjukk over Melings­vågen, og lufta var kald og gufsen. FRISKT skulle besøke Bømlo Fersk Fisk, men kom til låst dør… Me kikka på klokka og lurte på om me hadde teke feil av tida. Eitt minutt for tidleg. Me kikka opp og i det same kom ein bil ned i «Vinsen» som det blir kalla på folkemunne. Astrid Rusten kom smilande ut av bilen:-Beklagar eg er sein, eg kjem rett frå eit anna møte. Ho låser opp døra og loser oss inn i lokala…
Les meir
Nye vann og avløpsledningar frå Stokkabekkvegen til Ekornvika

Nye vann og avløpsledningar frå Stokkabekkvegen til Ekornvika

BVA har nå i haust ferdigstilt prosjektet med nye vann og avløpsledningar frå Stokkabekkvegen til Ekornvika. I forbindelse med dette arbeidet var vegen ned til sjøen utvida og oppgradert. Bakgrunnen for prosjekter var å skifte ut gammal dårleg vassleidning / kummar mellom fylkesveg og uti sjøen. Leidningsnettet er i tillegg dimensjonert opp for å ta høgde for auka forbruk i framtida og er ein del av ny overføringsnett Hollundsvatnet VBA og Åreid VBA. Ein anna positiv effekt av prosjektet er at området frå Mækjebakken og til kapellet i Folderøy får godkjent brannvassdekning (meir enn 20 l/sek. ). Vedlagt er det…
Les meir