Naudvatn, plan for uføresette hendingar
Fleire ting ligg til rette for å nytta Haldorsvatnet og Hamren i naudvatn-ordninga i kommunen vår. Kva skjer om vatnet i eit heilt område blir borte, eller ikkje kan brukast? - Det er det naudvatn-prosjektet me skal i gong med over nyttår handlar om. — Når vatn i eit av våre forsyningsområde fell bort eller ikkje kan brukast, må me ha eit alternativ som fungerer, fortel Odd Petter Habbestad, drifts- og prosjektleiar i BVA. — Det er strenge forskrifter for korleis dette skal gjerast, det skal mellom anna vera eit heilt uavhengig system som ikkje er i bruk utanom i…