Avløp

Home / Avløp

Kulleseid_Steinsvåg

Miljøvennleg avløpshandtering

Avløpsvatn er vatn som er nytta i hushaldninger, industri og anna verksemd, og som må transporterast bort og rensast forsvarleg før utslepp til naturen igjen. Slammet frå avløpsrenseprosessen blir i stor grad brukt igjen som gjødsel og jordforbedringsmiddel i jordbruket og på grøntareal, etter å ha gjennomgått handsaming og kvalitetskontroll i tråd med krav i gjødselvareforskrifta. I Bømlo er det SIM som tar seg av denne delen av handteringa.

Arbeid i avløpsstasjon
Vedlikehald i avløpsstasjon ved Storavatnet.

Det har skjedd stor utvikling på avløpsfronten dei siste tjue åra. BVA har bygd ut og om lag dobla talet på avløpspumpestasjonar. Ein har også lagt om frå eldre typar til moderne stasjonar. Frå å stå nedi pumpestasjonane iført oljehyra, støvlar og gummihanskar for å trykkspyla og gjera reint, har ein idag tørroppstilte pumpestasjonar med kraftige pumper og automatisk spyling. Det har stor betydning for HMS og trivnad i arbeidet. Kloakk er definert som høgrisikoavfall og skal handsamast deretter.

Med høge krav til miljøvennleg og sikker handering av avfallsvatn, overflatevatn og kloakk betyr det igjen at BVA må ha fungerande tekniske løysingar for pumpestasjonar, reinsestasjonar og leidningsnett over heile Bømlo. Heile 120.000 meter offentlege avløpsleidningar, 40 pumpestasjonar og 13 reinseanlegg høyrer med til BVA sitt anlegg!