Forbod mot hagevatning!

Den stabile situasjonen med mykje varmt og tørt vêr fortset, og BVA ser seg nøydt til å minne om forbodet mot hagevatning.

Det er bare tillat med vatning av blomsterbed med 1 stk. hageslange mellom kl. 07.00 og 08.00 eller mellom kl. 22.00 og 23.00. Vatning med kanne er tillat utanom disse tidspunkta.

Dette gjer me fordi me må sikre nok vatn i høgdebassenga ved eventuell brann. Me må også sikre nok vasstrykk til dei abonnentane som bur høgt.

Ved spørsmål, ta kontakt på tlf. 53 42 88 40 eller vakttelefon 53 42 88 45