Endring i forbod mot hagevatning frå onsdag 30. mai 2018

Home / Driftsmelding / Endring i forbod mot hagevatning frå onsdag 30. mai 2018

På grunn av den stabile vêrsituasjonen med mykje varmt og tørt ver, ser BVA seg nøydt til å stramme inn forbodet mot hagevatning. Frå onsdag 30. mai er det kun lov til vatning av blomsterbed mellom kl. 07.00 og 08.00 eller mellom kl. 22.00 og 23.00.

Dette gjer me fordi me må sikre nok vatn i høgdebassenga ved eventuell brann. Me må også sikre nok vasstrykk til dei abonnentane som bur høgt.

Ved spørsmål, ta kontakt på tlf. 53 42 88 40 eller vakttelefon 53 42 88 45