Smart vatn

Home / Artiklar / Smart vatn

I 2003 var MMS ei nyvinning og det kosta kr 10 pr. melding. I dag flyg bilda frå smarttelefonane våre kontinuerleg. Også vassforsyninga på Bømlo har vore gjennom store endringar sidan BVA blei oppretta, ja det er nesten så me kan seie at me har fått «smart vatn».

Odd Petter Habbestad har full oversikt over den automatiserte produksjonsprosessen på vass­reinseanlegget i Åreiddalen.

Me spør Odd Petter Habbestad i BVA om kva som har blitt endra: – Produktet kundane får er akkurat det same; friskt og reint vatn. Men prosessen som ligg bak er ny. Me har i dag mykje større kontroll på kvar vatnet er, at det er reint heile vegen fram til kunden og me har smartare produksjon som reduserer energibehovet.

Bort med største kunden!
Den største «kunden» BVA hadde tilbake i 2003 var uønska: Lekkasje. Det finst ikkje heilt sikre målingar, men me trur at om lag 60% av vassproduksjonen den gongen forsvann i lekkasjar. Det blei sett i gong eit omfattande arbeid med å få ned lekkasjane. Nye målesystem på vassreinseanlegga gjorde målingane meir nøyaktige og ein såg at halvparten av produksjonen gjekk tapt.

Lekkasjesøk
Om natta er det lite forbruk og vassproduksjonen mellom midnatt og klokka 05:00 gir indikator på om det er lekkasje i nettet. Då må BVA ut på lekkasjesøk. Heile produksjonsnettet vart tidlegare sett under eitt og ein hadde ikkje lokale delmålingar. Om ein begynte i Urangsvågen å søke etter lekkasje så kunne det henda lekkasjen var på Sønstabø. – I 2005-2006 begynte me å dele kommunen inn i soner og me såg ganske tydelege resultat. I dag er Bømlo delt opp i 50 ulike soner og me har mykje meir treffsikre lekkasjesøk, seier Odd Petter.

Større forbruk – mindre produksjon
Den omfattande jobben med å få ned lekkasjane i vassnettet har gitt gode resultat. På landsplan reknar ein med ca 33% lekkasjar, og på Bømlo har det gått ned frå ca 50% til 15% på sju år. Produksjonen har gått ned frå 2,5 til 1,8 millionar m3 vatn. Trass i både befolkningsauke og stor auke i vassforbruk i fiskeindustrien er produksjonen gått ned med 700.000.000 liter! Investeringane har altså vore positive både for miljøet, straumforbruket og lommebøkene til bømlingane.

Vatnet skal høgt opp og langt vekk
Medan me snakkar om lommeboka: kva er det som påverkar gebyret? Odd Petter seier både investeringar, men også naturen og befolkninga på Bømlo betyr ein del. Dei viktigaste vasskjeldene våre, Hollundsvatnet (14 moh), Finnåsvatnet (23 moh), og Kvernavatnet (64moh) ligg lågare enn dei folkerike områda på t.d. Leite (ca 35 moh) og Rubbestadneset (50-80 moh).

Det betyr at vatnet må pumpast opp til der folk bur, og det er mykje meir kostbart enn t.d. slik som stordabuen har det. Dei har vasskjelde på Stordfjellet og alt vatnet renn ned til der folk bur, utan særleg bruk av pumper. Dei har eitt reinseanlegg, medan på Bømlo er det tre, og me har også eit omfattande distribusjonsnett.

Færre å dele felleskostnadar på
– Me bur der me bur, og kan ikkje gjere så mykje med det. Eg rekna ein gong ut kor mange bømlingar som deler på kvar km utbygd leidning. Snittet i Norge er om lag 100 personar og på Bømlo er me 31 personar pr km leidning.. Så det blir færre folk å dele kostnadane på, seier Odd Petter.

Kva kostar det?
For ein vanleg hushaldning på Bømlo kostar vatn under 12 kroner dagen, medan offentleg avløp kostar ca 18 kroner dagen. Det vil seie at for ein heil familie får ein både vatn og avløp for mindre enn prisen på ein bussbillett, ein brus, eit brød, ei avis eller andre ting me «treng» kvar dag.